torsdag 29. oktober 2015

Ungdomskultur



Ungdom er det du er etter du har vert barn og før du blir voksen. Ungdomstida er blitt ein viktig del av livet og derfor blir det laga ungdomskulturer.

Med ungdomskultur tenkjer vi på ein kultur skapt av og for unge menneske. Eigne ord og uttrykk har alltid vore viktige i ungdomskulturen. Mote, språk, kropp og personlegheit skiljar ulike ungdomskulturer. Ungdommer nå for tida har eit kroppspress og er opptatt av å sjå fine ut. Dei kjøpar dyre klede, trener hardt og bruker slangord for å bli bedre likt. Musikk og liknande er kjenneteikn på ungdomskulturar. Nå for tida høyrer dei fleste ungdom på elektronisk musikk. Musikken forklarer litt kva for ein ungdomskultur ein er i.
Kjelder:

Kjelder:
http://krist.in/wp-content/2010/11/inter.jpg
http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154

onsdag 28. oktober 2015

Klassemiljø



Hei! Eg skal skrive litt om korleis me kan få eit bedre klassemiljø. Klassemiljø er veldig viktig for at me skal trivst på skulen. For å få eit bedre klassemiljø bør me laga reglar for korleis ein skal oppføre seg i timen. Alle bør bidra og prøve å hjelpe. Eit godt klassemiljø er når alle føler seg velkommen, er trygge, har det bra og tårer å rette opp hånda utan at nokon skal le. Å lære i eit godt klassemijø er viktig for læringa.

Viss nokon meiner ein ikkje er i eit goddt klassemiljø bør ein ta det opp med lærar eller foreldrer. Viss ein ikkje føler seg heilt trygg på klassen kan ein ha leker eller gruppeoppgåver der ein blir bedre kjent med kvarandre.


Kjelder:
http://www.klassetrivsel.no/media/22/badgesnocroppedscaled.png

tirsdag 20. oktober 2015

Operasjon Dagsverk



Hei! Eg skal fortelje litt om mine forventningar til OD-dagen og kva eg skal gjere.
OD-dagen er ein dag der dei fleste skular bidrar med å få samlet inn pengene. For å få penger, har elevene skaffet seg ein jobb for å tjene minimum 300 kroner. I år går pengene til Amnesty. Amnesty har i oppgåve å beskytte menneskets rettigheiter. Derfor syns eg det er bra at pengene går til Amnesty, slik at dei kan bruke pengene på noko viktig og for å hjelpe andre. Det er godt å tenke på at pengene me arbeidar for, går til noko godt.

For å få desse pengene samlet inn, skal eg lage boller og selje dem. Eg har tenkt å gå på togstasjonen fordi der er det mange folk om morgenen som skal til skulen eller jobb. Me er 3 stykk som har tenkt å selje og må derfor selje bollene for ein god pris slik vi får inn minst 900 kroner. Mine forventningar til OD-dagen er store. Eg trur mange har skaffet seg ein jobb som faktisk kan hjelpe dem for videre utdanning og. Eg trur og håper dagen blir fin. Ein får teste seg i arbeidslivet, lære nye ting, bli kjend med nye mennesker og ha det morsomt.

Kjelder:
http://ndla.no/sites/default/files/images/Logo%20ny%202010.png

torsdag 15. oktober 2015

Menneskerettigheitane

Menneskerettigheitane er rettane til menneska. Rettigheitane er viktige og har mykje å sei for korleis personar er eller har det. Menneskerettigheitane er alle rettane som me i Noreg har. Dei går ut på likestilling av kjønn, religion, hudfarge osv. Det er ei liste med reglar som skal styrke rettane til mennesker som blir undertrykte. Eg vil sei at menneskjerettane er naudsynte fordi dei hjelp personar som har andre hudfarger, tilhøyrer ein religion eller lignande. Religionen fortel for eksempel kven ein er og rettane hjelpar dei slik at dei ikkje blir diskriminert for den dei er.

Eg suns alle menneskerettigheitane er like viktige. Ikkje alle rettane er lagd for kvar enkelt person. Det eg meiner med det er at alle ikkje har same problem. Nokon blir diskriminert for hudfarge og andre for religion for eksempel. Då er det som handler om hudfarge for eksempel viktigare for den som har anna hudfarge enn for den som blir diskriminert for religionen sin. Derfor meinar eg alle rettane er like viktige.

Kjelder:
http://www.reddbarna.no/vaart-arbeid/barns-rettigheter/menneskerettigheter