fredag 6. november 2015

Haldningar til røyk

Hei! Eg skal fortelje om røyk og årsaker til at samfunnet har endra haldning til røyking.

Røyking var skikkelig tøft før. Nå er ikkje røyking så tøft lenger. Grunnen til at færre røyker, er fordi ein har funne ut kva risikoen er. Risikoen er å få hjerte- og karjukdommer, kols, lungesjukdommer, kreft og lungekreft. Lungekreft er den kreftformen som tar flest liv i Noreg. Røyking er årasken til 85% av tilfellene av folk som døyr av lungekreft. Folk veit kor farleg det er no.

Samfunnet har også vert med på å endre reglar som for eksempel at det ikkje er lov å røyke på togstasjoner, på jobb, på skulen og fly osv. Grunnen til at det ikkje er lov til å røyke på slike plasser er for å ikkje utsette andre for passiv røyking. Passiv røyking er når andre røyker rundt deg og du puster inn samme røyk.


Kjelder:
http://bilder.hest.no/hest//brukerbilder/45277/avsnitt/2636556.jpg
https://nasjonalforeningen.files.wordpress.com/2013/02/stop-smoking.jpg
https://helsenorge.no/rus-og-avhengighet/royk-og-snus/helseskader-av-royking

onsdag 4. november 2015

Ungdom og kropp

Hei! Eg har lest teksten "ungdom og kropp".  Mange ungdommer er fokuserte på kroppen sin. Dei er anten undervektig eller overvektig eller har for små muskler. Dei begynn på treningstudio, endrer diett og kjøper slankeprodukt. Mange betal også for å få større pupper, lipper eller lenger penis. Dei føler eit så kalt kroppspress.

Grunnen til at mange begynner å føle eit kroppspress er fordi dei ser bileter på andre sine profiler med mange likes fordi dei er muskuløse, tynne eller ser bra ut. Derfor vil dei og sjå sånn ut. Du finn også bilete på nettet, i magasin og andre medier som påverker korleis ein vil sjå ut. Der finn dei bilete av mennesker som er perfekte. Grunnen til at dei er perfekte er fordi biletene blir manipulerte. Her er eit eksempel av manipulering. Det ligg også ein video ute av dette. Den finn du under kjeldene.

Som du kan sjå så har dei satt på falskt hår og satt på sminke. Dette blir gjort før. Etterpå gjør dei huden mjukere og finare, endrer former på nase, munn, auge og kropp. Dette blir gjort i eit manipuleringprogram. Mange trur derfor at personen er så fin og prøver derfor å få fin kropp sjøl ved å ta operasjoner.

Mine tanker om kropp er at ingen kropp er perfekt. Ein må lære seg å like sin egen kropp slik som den er. Eg har ofte tenkt på korleis verdenen ville vert uten kroppspress. Eg har og tenkt på korleis bilete ville vert i blad og magasin hvis biletene hadde vert naturlege.

Kjelder:
http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154
Video: https://www.youtube.com/watch?v=17j5QzF3kqE
Bilder: http://renegadechicks.com/the-age-of-airbrushing-how-photoshop-is-hurting-women/

tirsdag 3. november 2015

Alkohol

Det finst mange alkoholhaldige drikker. Det som er felles med drikkene er at dei inneheld stoffet etanol. Etanol gir rusverknad. Alkoholhaldige drikker er drikker som inneheld meir enn 2,5 volumprosent alkhol og derfor skil vi mellom øl, vin og brennevin.

Dersom ein er gravid er det ikkje lurt å drikke alkohol. All alkoholen som mora drikk, får også barnet i seg samme mengde alkohol. Dette kan føre til skadar hos barnet og barnet kan bli født for tidleg eller for seint. Når eit barn ligg i magen sjå mora, blir det skapt celler og i visse perioder kan det bli skapt 1 million celler i minuttet. Dersom hjernen er påverka av alkohol i slike perioder, kan bygnaden, kroppen og hjernen få  alvorleg skade. Barn som blir påverka av alkohol kan få lærevanskar, konsentrasjonsvanskar og fungere dårlig sosialt.


Alkohollova seier at man må være minst 18 år for å kjøpe øl og vin og minst 20 år for å kjøpe brennevin. Ein har heller ikkje lov til å kjøpe alkhol til dei under 18 år. Dette blir kalla langing og er straffbart. Gjennomsnittsalderen for å drikke vin og brennevin første gong er på rundt 15 år, og 14,5 år for øl. Ungdom i dag drar ofte ut på fest eller besøk kvar helg.


Alkohol påverker kroppen. Alkoholen går først ned i magen og tarmane, så blir den teken opp i blodet. Viss ein har 1 i promille, har ein 1 gram alkohol per kilo blod. Det vil seie at 1 tusendel av blodet er alkohol. Grensa for å køyre bil er 0,2 fordi viss ein har over 0,2 i promille, blir evnen til sølvkritikk dårlegare og reaksjonsevna blir dårlegare.

Kjelder:
Ekeland, Per Roar, Tellus 9, Aschehaug, 2007
http://images.sciencetimes.com/data/images/full/7494/no-to-alcohol-during-pregnancy.jpg
http://bodytreatmentcenter.com/wp-content/uploads/2014/07/no-alcohol.jpg